Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Samuel 29

:
Norwegian - NO2011NN
1 Filistrane samla alle hærane sine ved Afek, medan israelittane slo leir ved kjelda i Jisreel.
2 Filistarhovdingane drog fram i spissen for avdelingar hundre og tusen mann. Sist kom David og mennene hans saman med Akisj.
3 sa feltherrane til filistrane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara dei: «Er ikkje dette David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen, han som har vore hos meg i over eitt år? Frå den dagen han gjekk over til meg og til no har eg ikkje funne noko å utsetja han.»
4 Men feltherrane vart arge han og sa til han: «Send mannen bort! Han kan dra tilbake til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen, for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis skulle han lettare vinna att godviljen hos herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre?
5 Er ikkje dette David, han som kvinnene song om medan dei dansa: Saul slo i tusental, men David har slege i titusental?»
6 Akisj kalla David til seg og sa til han: «Så sant HERREN lever, du er ein ærleg mann. Eg ser gjerne at du går inn og ut hos meg i leiren, for eg har ikkje funne noko vondt hos deg frå den dagen du kom til meg og til no. Men hovdingane lit ikkje deg.
7 Dra no heim i fred, du ikkje gjer noko som filistarhovdingane mislikar.»
8 David sa til Akisj: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å utsetja tenaren din frå den dagen eg kom i di teneste og til no, sidan eg ikkje får vera med og kjempa mot fiendane dine, herre konge?»
9 Akisj svara David: «I mine auge er du god, som ein engel frå Gud. Men feltherrane til filistrane seier at dei ikkje vil ha deg med i krigen.
10 Stå tidleg opp i morgon, både du og dei mennene til herren din som har følgt deg hit. Gjer dykk ferdige og dra av stad snart det lysnar.»
11 Morgonen etter stod David og mennene hans tidleg opp og fór attende til filistarlandet. Men filistrane drog opp til Jisreel.